Ledige stillingar i Askedalen barnehage AS
Askedalen barnehage
- Frist 13.11.2023
Ledige stillingar i Askedalen barnehage AS
Askedalen Barnehage AS er privat og held til på Leikanger i Sogndal kommune.
Barnehagen har 2 einingar, med tilbod til barn i alderen 1-6 år. Barnehagen opna i november 2008 og har plass til 42 barn.Barnehagen ligg i sentrum mellom Vestland fylkeskommune, Statens Vegvesen og Statens Hus. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og med kort avstand til både skule og sjukeheim, har me store mogelegheiter for rike opplevingar med barna. I Askedalen barnehage møter du engasjerte og utviklande arbeidskollegaer med felles visjon: «Det vi vil det får vi til». Fleksibilitet, rausheit og stabilitet er stikkord for vårt gode arbeidsmiljø.
Satsingsområde hjå oss:
- Inkluderande barnehagemiljø
- Tidleg og god språkopplæring
- Livsmeistring- Robuste barn og unge
- Overgang barnehage-skule
- Foreldresamarbeid
- Me er fast praksisbarnehage og har mykje samarbeid med Høgskulen på Vestlandet
Me har ledig følgjande stillingar
100 % fast stilling som barnehagelærar.
100% vikar som barne- og ungdomsarbeidar frå 1. januar 2024 til 1. januar 2025.
100% vikar som barne- og ungdomsarbeidar frå 20. januar 2024 til 1. oktober 2024
Barnehagelærar vert del av vårt pedagogiske team med arbeidsstad på ei av våre avdelingar. Pedagogisk leiar vert din næraste overordna og stillinga kan innebere spesialpedagogisk hjelp til einskildbarn. Kvalifikasjonar avgjer ansvarsområde.
Kvalifikasjonskrav:
- Barnehagelærarutdanning /Spes.ped utdanning/ Barne og ungdomsarbeidar.
- Relevant erfaring og praksis kan erstatte kravet om utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. .
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Prøvetid er 6 mnd og det vert gjeve lønn etter PBL tariffavtale.
- Medlemskap i pensjonskassen.
- Politiattest i tråd med barnehagelovas § 30 må leggast fram før tilsetjing.
Søknad med CV kan sendast Askedalen barnehage AS, Askedalen 1, 6863 Leikanger, eller på e-post: post@askedalenbarnehage.no
Meir informasjon kan ein finne på Askedalen barnehage si heimeside: https://askedalenbarnehage.no/index.html, eller ta kontakt med Styrar: Hilde Valvik Menes 57654412/ 90956720
Søknadsfrist: 13 november 2023
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323850759
- Sist endret