Er du vår nye kollega?
Nissedal kommune
- Frist 1.11.2023
- Ansettelsesform Fast
I eining for velferd, avdeling Nissedal omsorgssenter, har me ledige stillingar og vil gjerne ha deg med på laget. Du vil få ein fin gjeng kollegaar som er dediserte, engasjerte og fagleg dyktige. Omsorgssenteret har 12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling. Me søker deg som likar å jobbe i institusjon, likar å sørge for gode dagar til våre bebuarar og er klar for å vere med på å utvikle tenestane i Nissedal kommune. Eininga har mykje spennande på gang innan fag og kompetanseutvikling, så du vil ha mogeligheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg. Me har også innført årsturnus, slik at du er med på å legge din egen turnus for eit år av gangen. Du kan velge mellom fleire ulike alternativ både med tanke på helg og langvakter/ ordinære vakter.
Me håper akkurat DU søker hjå oss
Følgande stilling er ledig:
- Sjukepleiar 75 % fast stilling på natt. Det er mogeligheit for 100 % fast ved at ein jobbar 25 % enten på dag eller kveld på omsorgssenteret eller i heimetenesta. Ledig frå 08.01.24 -- Id 2023/1227
Kvalifikasjonar:
- Autorisert sjukepleiar
- Engasjert
- God muntlig og skriftlig kommunikasjonsevne
- Fleksibel og løsningsorientert
- Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
- Respekt, forståelse og empati for beboerne, pårørende og kolleger
- Høg arbeidsmoral
- Nytenkende og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø
- Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, emn ikkje eit krav
Me tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
- Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Lønn etter avtale. Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting for høgskulepersonell.
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. Vanlege løns- og pensjonsvilkår. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Hannelore Skeimo tlf. 924 62 619
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323759463
- Sist endret