Vil du bli del av ein spanande og triveleg arbeidsplass?
Kartverket
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli del av ein spanande og triveleg arbeidsplass?
Frå sjø til land. Frå dei djupaste havbunner til verdsrommet heilt ytterst. Kartverket er Statens fagorgan for kart, geodata og informasjon om eigedom. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land samt arbeida saman med kommunar, statlege organ og private aktørar. Vår jobb er å gjera det enkelt å samla, bearbeida og dele stadfesta informasjon.
Vi har 13 kontorstader frå sør til nord samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Kartverket har ledig faste stillingar ved kundesenteret i Ullensvang
Kartverket er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikeholde nasjonalgeografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Kartverkets kundesenter ligg i Ullensvang og vår hovudoppgåve er å hjelpe folka som tek kontakt med kundesenteret vårt. Dei har varierte spørsmål om eigedom, kart, sjøkart og alt det andre Kartverket er involvert i. I tillegg arbeider vi med saksbehandling innafor ulike fagområde.
Kartverket i Ullensvang starta som kundesenter for tinglysingsfaget. I dag er vi kundesenter for heile Kartverket, dermed kan du utvikle deg innanfor mange ulike fagområde. I tillegg har vi ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar. Digitale verktøy er kvardagen vår. Dei fleste tenestene våre er digitale, eller i ferd med å bli digitalisert. Kundane tek i hovudsak kontakt via telefon. Medan andre vel chat eller e-post.
Vi er 45 tilsette som har felles kontorplass i Kinsarvik. Kartverket Ullensvang treng stadig fleire på laget og har no ledig inntil fire faste stillingar som saksbehandlar. Kanskje du blir ein av oss? Ta kontakt da vel!
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning på bachelornivå innan juss, eigedomsfag, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
- Utdanning frå utlandet må vera godkjend av Nokut
- Relevant eigedomsfagleg erfaring vert tillagd vekt
- Erfaring frå relevant arbeidsfelt, minimum 3 år, kan vege opp for delvis manglande formell utdanning
- God datakunnskap med vekt på forståing og bruk av digitale verktøy og tenester
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er nøyaktig, målretta, effektiv og har gode samarbeidsevner
- Du likar å arbeide i eit fleksibelt arbeidsmiljø
- Du er glad i samhandling med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som førstekonsulent, frå kr 490 000,- til kr 590 000,- etter kvalifikasjonar
- Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Ynskjer du å vite meir om stillingane kan du ta kontakt med enten seksjonsleiar Svein Ringheim, tlf 47464208, eller avdelingsdirektør Marita Aarhus, tlf 94159478. Vi ser fram til å ta imot søknaden din.
Om oss
Vi ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass der vi gjenspeglar mangfoldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løysa vårt samfunnsoppdrag. Vi ynskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av redusert funksjonsevne, innvandrarbakgrunn, hull i CV-en eller av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.
For at du skal bli vurdert som søkar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lesa meir om dette på http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Regelverket stiller krav til både verksemd og søkarar når det gjeld «positiv særbehandling ved jobbsøk i Staten».
Les meir om Kartverket på vår heimeside: www.kartverket.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: 5780 Kinsarvik
- Bransje: Annet, Eiendom, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Sentralbord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323739350
- Sist endret