Psykolog / psykologspesialist
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og ...
- Frist 31.10.2023
Det er ledig 100 % fast stilling som psykolog /psykologspesialist ved Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda.
DPS Volda, ambulant seksjon, består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er søre Sunnmøre.
Denne stillinga er knytt til Allmennteamet og ACT og startdato kan avtalast.
Ambulant seksjon er ein av tre seksjonar underlagt DPS Volda. Ambulant seksjon arbeider med tverrfagleg heimebehandling og utgreiing til pasientar som er over 18 år.
Teama er tverrfagleg samansett med psykiater, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar mfl.
Per i dag er seksjonen lokalisert i Myrvåg, men er planlagt flytta til Volda i 2024.
Ver venleg å legg ved søknaden dine attestar og vitnemål.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Relasjonsbygging med både pasientar og kollegaer
- Vere ein viktig del av eit tverrfagleg team
- Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
- Samarbeid med ulike faggrupper
- Eksternt samarbeid og undervisning
- Samtalar med pårørande
Kvalifikasjonar
- Psykolog eller psykologspesialist med norsk autorisasjon, psykolog eller psykolog på lisens som fører til autorisasjon kan også søke
- Fordel med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
- Fordel med erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid
- Erfaring frå rettleiing og undervisning
- Ønskeleg med behandlarerfaring
- God evne til samarbeid vert vektlagt
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Å vere personleg eigna vert tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Du likar å bidra til kompetanseutvikling
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ved tilsetting vil ein legge vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, 91570524, Solrun.Brenk.Ronning@helse-mr.noArbeidssted
Dragsundvegen 116080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4717379723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 31.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323626658
- Sist endret