Autorisert sjukepleiar/ miljøterapeut lengre vikariat i 95% stilling
Heimetenesta, Sula kommune
- Frist 26.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Heimetenesta i Sula avd. Molværsvegen 11 har ledig eit lengre vikariat for autorisert sjukepleiar evt. miljøterapeut frå snaras og til ca.31.12 2024.
Molværsvegen 11 er eit bufellesskap for menneske med samansette psykiske lidingar, og dei 8 bebuarane har eigne bustadar knytt til fellesareal og personalbase.
Bustaden ligg i sentrum av Langevåg, har døgndrift og avdelinga har god fagkompetanse. Der er fleire tilsette på kvar vakt.
2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid 08.00-15.00 og 14.30-22.00.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer primært ein tilsett med kompetanse frå arbeid med psykiske lidingar og målretta miljøarbeid, men andre kan også søke stillinga.
Personalet bistår brukerane med praktisk og personleg bistand, råd og rettleiing, tilsyn, beredskap og forefallande arbeid i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar evt.miljøterapeut.Personlege eigenskapar
Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel og pliktoppfyllande person med god framferd.
Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar.
Du må vere ressurs og løysingsorientert, ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
Du må takle utageringar og uførutsette hendingar
Det krevas datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Krav om politiattest
Oppgje referanse.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Eit godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse.
Opplæring
Kontaktinformasjon
Silje Vestre Størksen, Avdelingsleiar, 95710266, Silje.Vestre.Storksen@sula.kommune.n0Torunn Veddeng, Einingsleiar, +4795710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Molværsvegen 116030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4719350944
Stillingsprosent: 95%
Vikar
Startdato: 01.11.2023
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 26.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323626607
- Sist endret