Inaktiv
Helsefagarbeidar - nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt - vikariat
Omsorg, Giske kommune
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Det er ledig om lag 45 % nattstilling ved Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv. Stillinga er eit vikariat frå februar og ut august 2024.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod, i tett samarbeid med andre avdelingar og heimebasert omsorg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar
- Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Randi Helen Holmen, avdelingsleiar , 91875720
Arbeidsstad
Reset 146040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4719170523
Stillingsprosent: 45%
Vikar
Søknadsfrist: 30.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323619805
- Sist endret