Lege i spesialisering 2/3 innan indremedisin og LIS1 vikarer.
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på laget vårt?
Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig faste stillingar for lege i spesialisering innan indremedisin. Det er vidare mogeleg med spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske spesialitetane. Vi har også ledig vikariat for LIS1 med lisens / eller LIS1 som venter på LIS1 tjeneste. Arbeidet er på dagtid.
Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3 legar deler sekundærvakta. Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, akutt- og mottaksmedisin, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar, og geriatri. Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.
Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi og akutt-og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og studentar frå NTNU.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Delta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si drift
- Mogelegheit for forsking
- Undervisingsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling /LIS1 som venter på LIS1 tjeneste.
- Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du er fleksibel, positiv og endringsorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Inger Stokke, Konst. seksjonsleiar, 71 12 00 00, Inger.Stokke@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei6508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4719164579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323570117
- Sist endret