Leiar for dagaktivitetstilbod til eldre i Voss herad
Voss herad Dagavdeling Hagahaugen/Voss sjukeheim
- Frist 10.11.2023
Leiar for dagaktivitetstilbod til eldre i Voss herad
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om Stillinga
Stillinga er ein fast stilling som er delt mellom 50% leiar for dagtilboda i heradet og 50% brukarretta arbeid. Oppdelinga er fleksibel ut i frå behov. Stillinga er organisert under avdeling for førebygging og rehabilitering, og ein vert ein del av leiargruppa til verksemdsleiaren. Me jobbar tverrfagleg i teamet vårt og har fokus på tenesteutvikling. Me jobbar med å finne løysingar for framtida der aktivitetstilbod på dagtid er ein viktig del av løysinga. Leiaren vil ha ein sentral rolle i dette utviklingsarbeidet.
Me ser etter ein person som har engasjement for utvikling og endringsarbeid, og som er god på å finne løysingar. Fleksibilitet, gode samarbeidseigenskapar, endringskompetanse/vilje og gjennomføringsevne er sentrale eigenskapar for å lukkast i stillinga.
Endring i stillinga må påreknast ettersom me jobbar med å utvikle og endre tenestene knytt til dagaktivitet til eldre og andre gruppe.
Om avdelinga
For augeblikket har me to dagavdelingar i sentrum lokalisert på Hagahaugen og Voss sjukeheim. Leiaren vil ha ansvar for desse to tilboda. Leiaren vil ha kontor stasjonert på Hagahaugen, der det meste av dei andre tilboda i verksemda er organisert.
Me har tilrettelagt tilbod til menneske med demens 5 dagar + ettermiddagstilbod 4 dagar i veka.
På Hagahaugen har me eit ordinært dagaktivitetstilbod 5 dagar i veka.
Arbeidsoppgåver
- Leiing og organisering av dagtilbodet ved Hagahaugen rehabilitering og Voss sjukeheim
- Utvikling av dagtilboda og aktivitetstilbod i heradet
- Brukarretta arbeid i avdelinga
- Rapportering og dokumentering
- Økonomi, fag og personalansvar
Tidsrom
Tiltreding i januar 2024 eller etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med relevant 3-årig helsefagleg utdanning på høgskulenivå. Søkjarar med anna særleg relevant fagutdanning er også velkomne til å søkje.
- Kompetanse/erfaring innan demens, somatikk, alderspsykriatri og geriatri er ein fordel
- Det er ikkje eit krav å ha leiarerfaring, men det er ein fordel å ha erfaring med/evne til leiarskap og økonomistyring
- Gode framstillingsevner skrifteleg og munnleg. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
- God evne til koordinering, organisering og effektiv dagleg drift er viktig i stillinga.
- Evne til å følgje opp ulike IKT-system er eit krav
- Førarkort klasse B
Me ynskjer deg som er/har
- Initiativrik, engasjert og handlingsorientert
- Opptatt av utvikling og kvalitet
- Fleksibel og open for idéar
- Endringsvillig
- Evner til å tenkja heilskapleg
- god omsorgsevne for både tilsette, pårørande og tenestemottakarar
Personlege eigenskapar vert vektlagd i tilsetjingsprosessen.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323551351
- Sist endret