Lærar
Klepp kommune, Engelsvoll skule
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Engelsvoll skule har ledig 100 % fast undervisningsstilling. Vi vurdere i tillegg å tilsette ein lærar i eit vikariat til 31.07.24. Søkjarar vil bli handsama fortløpande.
Engelsvoll skule ligg vakkert til i eit flott og romsleg uteområde, med utsikt over Frøylandsvatnet og i gåavstand frå Klepp stasjon (15 minutt frå Sandnes sentrum). Engelsvoll skule har eit positivt og godt arbeidsmiljø med faglege, engasjerte og dyktige tilsette. Vi har eit framoverlent personale som er oppteken av utvikingsarbeid og den enkelte elev si meistring. Engelsvoll skule er ein praksisskule for Universitetet i Stavanger. For oss som skule er det stor verdi i å ta imot studentar som sit på den ferskaste kunnskapen om kva forsking seier er god undervisning. Skulen legg vekt på praktisk- estetiske fag og aldersblanding. Skulen har skaparverkstad (makerspace) med mykje utstyr. Her har elevane muligheit til å utfalde seg kreativt med teknologiske verktøy.
Skulen vår har 170 elevar, fordelt på 1. til 7. trinn, og 30 tilsette i skule og SFO. Satsingsområda til skulen er den engasjerte eleven og tidleg innsats. Vårt mål er at vi så tidleg som mogleg skal identifisere og sette inn egna tiltak for elevar som vi ser står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving og rekning. I stillinga må ein pårekne å vere kontaktlærar for mellom 10-20 elevar.
Arbeidsoppgåver
Dette skuleåret treng vi tidleg innsats-lærar/faglærar 1.-3. trinn. Kontaktlærar kan og vere aktuelt.
- planlegge og gjennomføre undervisning og vurdere elevane si læring både fagleg og sosialt i tråd med LK20
- sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- delta aktivt og med engasjement i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid, saman med andre lærarar på skulen og leiinga
- samarbeide med andre på trinn og avdeling
- samarbeide med andre faginstansar ved behov
- bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
- allmennlærar/grunnskulelærar 1.-7. eller barnehagelærar med vidareutdanning innan lesing og skriving. Anna relevant pedagogisk utdanning kan vere aktuelt
- det er ønskeleg med undervisningserfaring fortrinnsvis frå 1.-4 trinn
- god digital kompetanse: Alle elevar nyttar Ipad i sitt daglege arbeid. Lærarar nyttar Ipad og PC i sitt arbeid
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Den som får tilbod om stilling må framleggje politiattest. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar
Personlege eigenskapar
- tydelig, trygg, varm og tolmodig
- god på relasjonsbygging
- god til å leggje til rette for eit godt læringsmiljø
- samarbeidsvillig
- gode erfaringar/kompetanse i eit profesjonsfelleskap
- sjølvstendig, løysningsorientert og samarbeidsvillig
- utviklingsorientert
- god til å kommunisere og bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er positiv og har godt humør
Vi tilbyr
Ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Ein spennande og variert arbeidskvardag med fullt av herlege elevar og dyktige kollegaer. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø prega av humor, samarbeid, trivsel og arbeidsglede.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Linda Refvik, rektor, +47 99709603Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4717342406
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323438888
- Sist endret