Ledige stilling som klubbmedarbeider
Nissedal kommune
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Id 2023/1212
Ungdomsklubben i Nissedal ligg i Fleirbrukshuset og har ope 3 dagar i veka. Ungdomsklubben jobbar for eit inkluderande og rusfritt miljø.
På ungdomsklubben er det mange ulike aktivitetar, og vi ynskjer vaksenpersonar som likar å jobbe med ungdom, og som vil vere del av eit kreativt miljø.
Ungdomsklubben har ope for mellomtrinn på onsdagar, og ungdomstrinn/ VGS i helg.
Vi lyser ut 50% vikariat på ungdomsklubben fram til 1. juni 2024.
Ungdomsklubben i Nissedal er kommunal, og er ope kvar onsdag kl. 14.30 -- 18.00, fredag kl. 17.00 -- 22.00 og laurdag 19.00 -- 23.00.
Ungdomsklubben er stengd i juli, og dei tilsette tar ut ferie då.
I ungdomsklubben er det eit kreativt og godt miljø, og mange ungdom i kommunen nyttar tilbodet.
Det er fokus på eit rusfritt og inkluderande miljø. Ungdomsklubben er ope for mellomtrinn på onsdagar, og ungdomstrinn/vgs i helg.
Vi søkjer etter deg som har lyst til å jobbe med born og ungdom, og vere del av eit kreativt og inkluderande miljø.
Det ligg eit funksjonstillegg på løna på fredag og laurdag på kr. 500 pr dag.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innanfor barne/og ungdomsarbeid, eller erfaring innanfor dette
- Interessert i å jobbe med ungdom.
- Kreativ og omstillingsdyktig
Personlege eigenskapar:
- Du er stabil, roleg og trygg vaksenperson
- Du er god til å byggje relasjonar
- Du har stort pågangsmot og innsatsvilje
- Du er lærevillig og har engasjement, og emne til å prøve nye ting
- Du er god til å kommunisere og samarbeide med andre
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
- Det ligg eit funksjonstillegg på løna på fredag og laurdag på kr. 500 pr dag
- Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323325099
- Sist endret