Ledige stilling som badevakt
Nissedal kommune
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Id 2023/1211
Bassenget er i Fleirbrukshuset i Treungen, og er 12,5 meter langt, og har ope for offentleg bading kvar torsdag og 20 laurdagar i tidsrommet frå veke 42 til og med veke 15. Bassenget er kun ope i vinterhalvåret.
På torsdagar er bassenget ope frå kl. 16.30 -- 20.30, og på laurdagar er det ope frå kl. 10.00 -- 16.00.
Det er i tillegg tid til førebuing. På laurdag er det eit funksjonstillegg på kr. 500 for å jobbe helg.
Det må vere to på jobb til ein kvar tid, ein i bassenget og ein i kiosken/billettsal.
Stillingane krev godkjend livbergingskurs for inneverande sesong. Nissedal kommune tilbyr dette kurset.
Søkjar må vere god til å symje. Det er mogleg å søkje på delar av stillinga, til dømes annankvar veke.
Vikariatet på 15,73% gjeld for inneverande sesong.
Arbeidsoppgåver:
- Syte for at det er tryggleik i bassenget for dei badande
- Enkelt reinhald
- Lage mat og ha ansvaret for kiosken
- Legge til rette for eit godt og inkluderande miljø
Kvalifikasjonar:
- Må ha gode symjeferdigheitar
- God til å kommunisere
- Opplæring vil bli gjett
Personlege eigenskapar:
- Du er stabil, roleg og trygg vaksenperson
- Du er god til å byggje relasjonar
- Du har stort pågangsmot og innsatsvilje
- Du er lærevillig og har engasjement, og emne til å prøve nye ting
- Du er god til å kommunisere og samarbeide med andre
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
- Det ligg eit funksjonstillegg på løna på fredag og laurdag på kr. 500 pr dag
- Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323325094
- Sist endret