Operasjonssjukepleiar
Operasjon Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 17.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ved Sentraloperasjon i Klinikk Ålesund ledig 100 % fast stilling som Operasjonssjukepleiar.
Sentraloperasjon har operasjonar innan følgande fagfelt: Ortopedi, generell kirurgi, kar, endokrin, urologi, gynekologi, ØNH og tann/kjevekirurgi. Vi deltek i traumeteam.
Operasjonsseksjonen har stor aktivitet. Vi arbeider i 3-delt turnus, for tida kvar 4. helg (annan turnus kan ev. avtalast).
Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamarbeid er ein viktig faktor. Vi ønskjer å prioritere fagutvikling og nytenkning.
Vi er i gang med planlegging for å totalrenovere avdelinga vår.(AIO-prosjektet)
I april 2024 skal Helse Møre og Romsdal innføre Helseplattformen som er eit felles journal- og dokumenteringssystem for heile Helse Midt-Norge.
Viss dette høyrast ut som ein arbeidsplass du har lyst å jobbe på, søk då vel!
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
Operasjonssjukepleie innanfor aktuelle fagfeltVi er seksjonert i ortopedi og bløtdelskirurgi
Kvalifikasjonar
Norsk autorisert sjukepleiar med vidareutdanning/master i operasjonssjukepleiePersonlege eigenskapar
Du må kunne jobbe strukturert og ta initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga
Du må vere sjølvstendig og samarbeidsvillig
Du er opptatt av fag og fagutvikling, og å jobbe kunnskapsbasert
Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Du er fleksibel
Du har godt humør
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eli Mona Heggernes, Seksjonsleiar, +47 70 10 54 77Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4715751846
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323308663
- Sist endret