Helsefagarbeidar - 50 % fast stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du på utkik etter ein meiningsfull arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi har ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.10.2023 ved Bu - og rehabiliteringstenestene ved for tida avd. Klokkerhaugen.
Klokkarhaugen yt tenester til vaksne med forskjellig bistandsbehov. Vi bistår brukarane til at dei skal få ein meiningsfull kvardag, med trivsel, sjølvbestemmelse og meistring ut frå den enkelte sitt behov.
Bu- og rehabiliteringstenestene i Sykkylven er ei eining som gir tenester til personar med samansette behov.
Eininga består av eit dagsenter, 4 bufellesskap, barne - og avlastningsbustad, avlastningstiltak, støttekontakterog rus- /psykiatritenesta. Eininga har 62 årsverk.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagt ved den elektroniske søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består av pleiefagleg arbeid miljøarbeid og ansvar knytt til brukarane sine behov.
- Du skal bidra til å skape tryggleik og trivsel
- Du skal yte omsorg, rettleiing og støtte den enkelte i kvardagen.
- Du kan få delegert mynde til å dele ut legemiddel (etter grundig opplæring og vurdering)
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeider, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar
- Erfaring eller særleg interesse for å arbeide med brukargruppa
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er reflektert, påliteleg og engasjert
- Du er fleksibel og har evne til nytenking
- Du likar og meistrar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er lojal til felles bestemmelsar
- Vi vektlegg personleg eignaheit
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 910 09 625, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Aure
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4714624645
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323267838
- Sist endret