Vestnes Sentralkjøkken
Vestnes kommune Vestnes sentralkjøkken
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vestnes Sentralkjøkken har ledig 90 % og 30 % fast stilling for kokk med fagbrev. Stillingane har arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsstad
Sentralkjøkkenet ligg i sentrum av Vestnes.
Arbeidsoppgåver
- matproduksjon med diettar etter gitte krav (sensorikk, ernæring, hygiene og økonomi)
- nytte kjøkkendataprogram som arbeidsverktøy dagleg
- rullering av arbeidsoppgåver på dei ulike stasjonane
- utføre arbeidet etter gjeldande lovverk, arbeidslister, dagsplanar og rutiner (herunder I.K.)
- delaktig i menyval, arbeidsmetodar m.m.
Kvalifikasjonar
- fagbrev som kokk
- ha erfaring frå storkjøkken, institusjonkjøkken, relevant praksis
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/ B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være engasjert, ansvarsfull og fagleg forkusert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha god orden
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tillsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Referanser
Oppgi referanse
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323262745
- Sist endret