Ledige lærarstillingar
Oppvekst og kulturetaten
- Frist 22.10.2023
Ulstein kommune søkjer fleire lærarar til stillingar i barneskulane våre. Du kan lese meir om skulane her.
Vi har ledig:
- Ei fast stilling i 100% - med tilsetting frå 01.01.24
- 5 vikariat i 100% - tre av dei med tilsetting så snart som råd – to vikariat med tilsetting frå 01.01.24
Arbeidsoppgåver
Dei som vert tilsette ved Ulsteinskulen må ha eit positivt og godt elevsyn, arbeide godt i team og vere ein positiv bidragsytar i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å undervise og i tillegg fremje eit godt samarbeid mellom skule og heim. Du må jobbe i tråd med skulen sine planar og vere ein god klasseleiar med evne og vilje til å skape gode relasjonar til elevar og føresette.
Kvalifikasjonar
- Lærarar som vert tilsette i skulen må oppfylle kompetansekrav for tilsetting, jf. forskrift til opplæringslova, kapittel 14
- Det er ein fordel om du har utdanning 1 – 7, eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
- Du er ein god klasseleiar, og har evne og vilje til å skape gode relasjonar til elevar og føresette
- Du må ha godt humør, arbeidsglede og engasjement for lærarjobben
- Du har evne til å reflektere over eigen praksis, åleine og i lag med andre
- Du trivast med å vere i eit miljø i utvikling og endring
- God kommunikasjon, samarbeid, stabilitet og fleksibilitet vert vektlagt
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Løn etter sentral Hovudtariffavtale
- Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med arbeidsglede og humør
- Dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Synnøve Haug, Rektor, 91870682Vibeke Vigestad Berge, Rektor, 95145217
Hedvig Haakonsholm, Rektor, 98644824
Arbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 4715754168
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323260119
- Sist endret