Kokk
Helse- og omsorgsetaten, Eining 4 Alvehaugen bu og rehabilitering - langtid
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi vil det beste for innbyggarane i Ulstein. Vi samarbeider på tvers av avdelingane og spelar kvarandre gode, for å gi så gode tenester som mogleg. Slik skaper vi ein arbeidsplass med dyktige, effektive og motiverte tilsette. Slik skaper vi trivsel, meistring og tryggleik for dei som treng oss. I Ulstein skal det vere godt å leve heile livet.
Stillinga ligg til hovudkjøkkenet ved Alvehaugen bu - og rehabiliteringssenter. Stillinga har dagarbeidstid med helgearbeid frekvens, to helgar arbeid og ei helg fri.
Kjøkkenet er underlagt eining 4, og har eigen avdelingsleiar. Det er totalt seks tilsette på kjøkkenet. Kjøkkenet produserer mat til og sørver tre sjukeheimsavdelingar, to omsorgsbustadar og eit dagsenter. I tillegg produserer dei mat til heimebuande med vedtak på matombering og driftar kantine for tilsette.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er produksjon av lunsj og middag, kok - server. Og produksjon av lunsj til kantine, møter og catering.Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer deg med fagbrev som kokk
- Du bør ha god skriftleg og muntleg norskkunnskap
- Tilfredsstillande politiattest
- Du lærer lett nye arbeidsmetodar og har teknisk innsikt
Personlege eigenskapar
- Du er trygg og fleksibel med tydeleg kommunikasjon.
- Du kan jobbe sjølvstendig og i team
- Du er initiativrik og løysingsorientert
- Du har evne til å samarbeide godt med brukarar og kollegaer
- Du kan fokusere på ressursar og mogelegheiter framfor avgrensingar og barrierer
- Du har evne og vilje til å gjere vurderingar saman med kollegaer knytt til problemstillingar som kan oppstå
- Du er roleg og trygg i utfordrande situasjonar og taklar å arbeide i eit hektisk miljø
- Du er pliktoppfyllande og har gode verdiar
- Du er positiv og engasjert i jobben
- Du er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
Vi tilbyr
- Eit variert og utfordrande jobb med mange spennende arbeidsoppgåver
- Regulert løns- og avtalevilkår
- Eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Mogelegheit for kompetanseheving og kursing
Kontaktinformasjon
Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, +47 98230615Arbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4715639648
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323255068
- Sist endret