
Sceneteknikar
Det Norske Teatret
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli sceneteknikar ved landets største teater?
Det er ledig ei fast stilling
SCENETEKNIKAR
Har du ein lidenskap for teater, og ønskjer å utvikle deg som sceneteknikar? Vi søkjer etter deg som er eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar. Det Norske Teatret speler repertoarteater og vekslar mellom fleire framsyningar på ei og same veke. Arbeidsoppgåvene vil derfor ha eit stort spenn og dreie seg om alt frå montering og oppsetjing til avvikling av alle produksjonane til teateret.
Stillinga er ei 100 prosent fast stilling.
Utdanning og erfaring
· Teknisk bakgrunn eller fagbrev som handverkar
· Erfaring frå teater- og scenekunstfeltet er ein fordel
· God kjennskap til HMS-arbeid vil vere ein fordel
· Førarkort og truckførarbevis er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
· Har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området
· Er initiativrik, kreativ og sjølvstendig
· Har gode samarbeidsevner
· Er serviceinnstilt og fleksibel
· Er løysingsorientert, allsidig og lærevillig
Vi tilbyr
· Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
· Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
· God kollektive ordningar
· Gunstig ferieordning
· Lønn etter tariff
Sceneteknisk avdeling arbeider i skift, og du må rekne med kvelds- og helgearbeid. Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater, både i Oslo eller på turné.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Stian Næss, fagavdelingsleiar
E-post: stian.naess@detnorsketeatret.no
Mobil: 95247459
Søknadsfrist: 22. oktober 2023
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
Nøkkelord
sceneteknikk, handverkar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322834132
- Sist endret
