Student innan helsefag
Alver kommune
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Storhaugen bufellesskap har no ledig ein fast helgestilling for student innan helsefag. Her er det arbeid kvar sjette helg med vakt fredag- laurdag og søndag. Det er og mogleg å påta seg vikarvakter i ferier og helger og ellers.
Om Storhaugen bufellesskap
Storhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik og er ein bustad for 7 personar med ulike bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde. Det er ein god stad å vere ny, og den tilsette vert teken godt imot. Arbeidsmiljøet pregast av sterkt engasjement for bebuargruppa og godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid, råd og rettleiing, samt helse – og omsorgstenester til personar med utviklingshemming
- Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar einskild skal kunne meistre eigen kvardag
- Følgje opp rutinar
- Dokumentere i pasientjournalsystemet Profil
Kvalifikasjonskrav
- Sertifikat klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er eit stort føremon om du har erfaring frå brukargrupa
Personlege eigenskapar
Du er engasjert, fleksibel og har erfaring frå brukargruppa. I tillegg er du ikkje redd for å by på deg sjølv. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø og har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Personleg og fagleg utvikling
Spørsmål om stillinga
Kontaktperson for stillinga:
Åge Bård Johnsen, avdelingsleiar.
Kan kontaktast på + 47 47318538 eller age.bard.johnsen@alver.kommune.no.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322831607
- Sist endret