Skulekonsulent
Klepp kommune, Engelsvoll skule
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Engelsvoll skule søkjer skulekonsulent frå 03.01.24
Som skulekonsulent på Engelsvoll skule vil du være sentral i mykje av drifta på skulen, og du vil i mange tilfeller være den første både elevar, føresatte og tilsette møter både ansikt til ansikt, på telefon og på e-post. Du vil være ein viktig støttespiller for rektor og øvrig leiing i arbeidet med å skape ein trygg og forutsigbar skulekvardag for både elevar og tilsette.
Engelsvoll skule er ein barneskule på Klepp stasjon med 170 elevar og omlag 30 tilsette. Engelsvoll skule har ledig ein 50% stilling som skulekonsulent, som kan aukast til 100% med elevretta arbeid i skule/SFO. Ein skulekonsulent er skulen sitt ansikt utad og vi søkjer difor etter ein imøtekommande, allsidig og fleksibel person som likar å yte service og omgås vaksne og born. Skulekonsulenten arbeider tett med, og er ei støtte for, leiinga ved skulen. Du kan forvente svært varierte arbeidsoppgåver.
Vi søkjer ein serviceinnstilt, blid og imøtekommande skulekonsulent som er serviceinnstilt, arbeider systematisk og er ryddig og grundig i arbeidet sitt.
Arbeidsoppgåver
- resepsjonsbetjening
- arbeid med administrative system som Visma og PAS
- post og dokumentbehandling
- lønn-, personal-, fakturabehandling i Visma
- økonomi, budsjettdisponeringar og budsjettoppfølgjing
- innkjøp
- GSI
- skuleskyss
- melke- og fruktordning
- utleige av skulen
- diverse forfallande kontor arbeid
- bistå leiinga med ulike oppgåver
Kvalifikasjonar
Det er fordel med fagbrev innan administrasjon og økonomi, eller tilsvarande. Anna utdanning og relevant praksis vil bli vurdert.
- fordel med erfaring i liknande stilling frå skule
- god IKT-kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstilling i begge skriftspråk
- god økonomiforståing
Politiattest må leverast før ein tiltrer stillinga.
Personlege eigenskapar
- sjølvstendig og løysningsorientert
- god i samarbeid
- strukturert, initiativrik, nøyaktig og ansvarleg
- imøtekomande mot ungdom, foreldre, andre tilsette og alle
- fleksibel, taklar stort spenn på oppgåver og liker å læra nye ting
- positiv og oppteken av å yte god service intert og eksternt
- vant til høgt arbeidstempo og kunne takle ein hektisk arbeidskvardag med ulike ballar i lufta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Ein flott arbeidsplass med høg trivsel blant dei tilsette. Me har fokus på gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne. Ein spennande og variert arbeidskvardag med fullt av herlege elevar og dyktige kollegaer. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø prega av humor, samarbeid, trivsel og arbeidsglede.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Linda Refvik, rektor, +47 99709603Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4716945808
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.01.2024
Søknadsfrist: 20.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322815862
- Sist endret