Lærar
Klepp kommune, Bore Skule
- Frist 18.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Ønskjer du ein spennande lærarjobb i eit godt og utviklande arbeidsmiljø? Søk då lærarjobb på Bore skule.
Bore skule har ledig 2 vikariatstillingar som lærar i 100%, med oppstart får snarast til 31.07.24.
Bore skule er ein 1.-6. skule med 448 elevar inneverande skuleår, og med fire paralleller på trinna. Skulen er ein avdelingsskule med tre avdelingsleiarar, som har ansvar for to trinn kvar. Skulen har eit stort nybygg med blant anna kantine og aula. Skulen ligg i tettbygd strøk, med flott uteområde og flotte områder i kort avstand frå skulen. Skulen har eit godt arbeidsmiljø, med god samansetning av kompetanse blant dei tilsette.
Skulen arbeider med å vidareutvikle arbeidet med tidleg innsats, fagfornyinga og trygt og godt skulemiljø. Skulen nyttar på læringsbrett (iPad) i opplæringa, og alle elevar og lærarar har kvart sitt brett.
Arbeidsoppgåver
- undervisning
- truleg kontaktlærar
- aamarbeid i ulike profesjonsfellesskap som på trinn og avdeling
- lærande profesjonsfellesskap
Kvalifikasjonar
- godkjent undervisningskompetanse 1-7 trinn
- gode kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- kunne bruke IKT som eit naturleg arbeidsverkty, fordel om du kan bruke iPad
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Den som får tilbod om stilling må framleggje politiattest. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar
Personlege eigenskapar
- trygg vaksen som trivst i klasserommet
- dyktig relasjonsbyggjar
- strukturert
- god og robust klasseleiar
- fleksibel og sjølvstendig
- fin ressurs og bidragsytar i det lærande profesjonsfellesskapet
- godt humør
- eit inkluderande elevsyn
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er positiv, fleksibel og har stå- på- vilje
Vi tilbyr
Ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vera med å utgjere ein forskjell for elevane, saman med dyktige kollegaer. Ein skule med flotte turområder i gangavstand frå skulen, alle fasilitetar på skulen, og læringsbrett for alle elevar og lærarar.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Jorun Beate Fylkesnes, rektor, +47 93895074Arbeidsstad
Verdalsvegen 314351 Verdalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4717444326
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 18.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322805657
- Sist endret