Inaktiv
Badevakt/livreddar i Radøyhallen
Alver kommune
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kompetansekrav
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Vi er Alver
Me har 1 ledig stilling som badevakt, med inntil 20 timar i veka så lenge bassenget er ope. Stillinga er som badevakt for publikumsbading i Alver kommune, og stillinga er for tida i Radøyhallen.
Hallen er ope for publikumsbading tysdagar, torsdagar, fredagar på ettermiddag/kveld og laurdagar på formiddag/ettermiddag. Ei vakt varar i om lag 5 timar, og ein må vere budd på faste arbeidsdagar utifrå månadleg oppsett vaktliste.
Stillinga er organisert til tenesteområde kultur – kulturutvikling, idrett og frivilligheit.
Arbeidsoppgåver
- Oppsyn med badande
- Syte for sikkerheita til dei besøkande i bassenget
- Kundeservice, sal av billettar, dagsoppgjer og forefallande arbeid
- Handsame innkomne bestillingar i digitalt tingingssystem
Kompetansekrav
- Du må vere symjedyktig, og du må bestå årleg livredningskurs. Dette er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse, meistre bruk av vanlege program som Office, Excel, samt digitale plattformar som vert brukt som verktøy av arbeidsgjevar
- Erfaring frå liknande type arbeid kan vere ein fordel
Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):
- Like å jobbe med mennesker, der badegjestar er hovudprioritet
- Du er sjølvstendig, men trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Du er ansvarsbevisst og serviceinnstilt
- Du er positiv, har godt humør og er ein aktiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
- Må vere fylt 18 år
Me tilbyr
- Ei variert og ansvarsfull stilling i eit godt og støttande kollegialt fellesskap
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Oensjonsordning gjennom KLP
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322803366
- Sist endret