Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 21.10.2023
- 2 x 100 % - 3 delt turnus
- 1 x 75 % - 3 delt turnus
- 1 x 50 % - for tida med arbeid på natt
Alle stillingene er vikariat i ca 1 år, med gode høve til forlenging og har arbeid hver 3 helg.
Startdato kan vere oktober eller etter nærmare avtale.
Medisin 5 er ein akutt medisinsk sengepost, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar og kirurgiske pre- og postoperative sjukepleiaroppgåver.
Dette er ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo, med fokus på fagleg utvikling og engasjement. Vi arbeider samla for at pasienten skal få ei trygg og god oppleving av behandlinga vi gir. Arbeidsglede, latter og mykje positiv energi pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.
Som sjukepleiar hjå oss vert du ein del av ei energisk og fagleg engasjert sjukepleiargruppe.
Ver vennleg å gjere rede for i søknaden kva for stilling du er interessert i.
Interne omrokkeringar kan gje andre stillingar ledig
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
.
Håpar å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsoppgåver
- Stillingane medfører jobb i 3-delt turnus, inkludert nattevakter (så framt det ikkje er rein nattevakt stilling), med arbeid kvar tredje helg
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke
- Tverrfagleg samarbeid
- Pre- og postoperativ sjukepleie til ortogeriatriske pasientar
- Medikamenthandtering inkl smertelindring
- Samhandling med kommune
Kvalifikasjonar
- Du har dei formelle kvalifikasjonane og er offentleg godkjend sjukepleiar
- Siste års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
- Du behersker godt norsk, munntleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi
- Evne til å arbeide i eit miljø med høy aktivitet
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og engasjert
- Du er initiativrik, sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du er pasientorientert
- Du er praktisk, fleksibel og nytenkande
- Du har stor arbeidskapasistet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne til å samarbeide, også tverrfagleg
- Du bidreg til det gode arbeidsmiljøet vårt
- Personleg eignaheit vert vertlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass, med stort fokus på nervær og trivsel
- Internundervisning kvar månad, samt eigne fagdagar 2 gongar i året
- Fagkveldar med fagsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Gunn Elin Søbstad Olsen, Seksjonsleiar, +47 70105900, Gunn.Elin.Sobstad.Olsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4711052617
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 09.10.2023
Søknadsfrist: 21.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322794021
- Sist endret