
Forvaltningssjef
NGIR
- Frist 21.11.2023
Forvaltningssjef
NGIR ser etter:
Ein pragmatisk forvaltningssjef med gode samarbeidsevner og leiarerfaring, til å leie avdelinga vår for hushaldsrenovasjon. Dette er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til dagleg leiar, og den tilsette vil gå inn som ein del av leiargruppa i selskapet. Forvaltningssjef får økonomi- og planansvar, samt personalansvar for fem rådgjevarar ved avdelinga.
Vi ser etter deg som jobbar strukturert og nøyaktig, samstundes som du er fleksibel og har eit ønske om å vidareutvikle NGIR saman med dei andre avdelingane.
Avfallsbransjen står midt i det grøne skiftet, og treng personar som ser gode og effektive løysingar i komplekse utfordringar. NGIR arbeider for å gje innbyggjarane våre gode renovasjons- og avfallsordningar, og som forvaltningssjef vil du ha stor innverknad på korleis dei framtidige ordningane og systema våre vil sjå ut. Du vil ha kontakt med både innbyggjarar og eigarkommunane våre, og gode munnlege og skriftlege eigenskapar er difor naudsynt.
Administrasjonsmålet i NGIR er nynorsk.
NGIR ønskjer som arbeidsgjevar å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkje på denne stillinga. Vi vil leggje til rette på arbeidsplassen om det er behov for det.
Om du ønskjer ei meiningsfull leiarstilling i ein bransje i rivande utvikling, vil vi høyre frå deg!
Arbeidsstad: Kjevikdalen, Alver Kommune
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Forvaltningssjef har ansvar for hushaldsrenovasjon og slam i NGIR, under dette økonomi-, plan- og personalansvar. Til området ligg mellom anna:
- Plan-, prosjekt- og utredningsarbeid, under dette ivareta offentlege krav på området.
- Administrere praktisk tilrettelegging og rettleiing for kundane.
- Utarbeiding og oppfølging av avfallsstatistikk
- Uttale i areal- og reguleringsplanar.
- Betening av telefon/kundeportalar, og vedlikehald av kunderegister.
- Sakshandsaming renovasjons- og slamgebyr.
- Støtte for eigarkommunane på dei delar som ligg til området.
- Oppfølging utbygging- og byggesaker.
- Oppfølging leverandøravtalar.
- Rapportering i samsvar med handlingsplanar, årsplanar og ved behov.
Kompetansekrav:
- Ønskjeleg med relevant masterutdanning, men krav om relevant utdanning på høgskulenivå. Aktuelle kompetanseområde er renovasjon, miljø og jus.
- Leiarerfaring er naudsynt.
- Erfaring med offentleg forvaltning/sakshandsaming
- Erfaring med dataverktøy – NGIR brukar i dag mellom anna Adialog, Adaptiv (Asplan Viak) og Komtek.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og serviceinnstilt
- Resultat- og målorientert
- Evne til å utvikle og motivere kompetente medarbeidarar
- Strukturert og nøyaktig
- Initiativrik
- Har stor arbeidskapasitet og trivast med både strategiske og operative oppgåver
- Interesse for berekraftig utvikling
Vi kan tilby:
- Ein meiningsfylt og samfunnsnyttig jobb i ein miljøbedrift
- Ei sentral og sjølvstendig stilling med personalansvar
- Jobb i ei IA-bedrift med god tariffavtale og pensjonsordning
- Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag i ein bransje i rask utvikling
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Konkurransedyktig løn
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Arbeidsplass i nye og moderne kontorlokale
Vi har utvida søknadsfrist til 21.november. Søknader handsamast løypande.
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar, Bjørn Berg, på tlf. 90110545
Vi gler oss til å høyre frå deg!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Analyse, Ledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljø, forvaltning, kundesenterledelse, avfall, renovasjon
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322779203
- Sist endret







