
Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.10.2023
Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi!
Avdeling for ortopedi SNR har ledig eit vikariat i 2 år for lege i spesialisering (LIS 3) innan ortopedisk kirurgi. Arbeidsstad er for tida ved Molde sjukehus. Tilsetting frå 01.03.2024 eller etter nærare avtale.
Avdelinga har drift både i Molde og Kristiansund. Frå 2025 jobber vi saman i det toppmoderne sjukehuset på Hjelset og avansert dagkirurgi i Kristiansund.
Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.
I Molde har vi 6 overlegar og 3 LIS 2/3. I Kristiansund har vi 10 overlegar (1 professor, 2 førsteamanuensis, 6 PhD`ar), 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1
I avdeling for ortopedi har vi sengepostar, fast-track protesekirurgi, dagkirurgi eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes-fot, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av
kompliserte sår, fotkirurgi og eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår i traumeteamet. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline.
Vidare kan avdelinga tilby:
- Multidisiplinær behandling
- Skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk samt akuttmottak
- Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, Capture the fracture silver star rangering
- Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid
- AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi
- Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien
- Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.
- Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
- Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre
Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetesføtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet.
Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga publiserar ei rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi tilbyr veilederkompetanse både for doktorgrads- og mastergrad-prosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert. Hos oss gis kniven videre.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat!
Arbeidsoppgåver
Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:
- Vaktarbeid
- Operasjon
- Poliklinikk
- Visitt
- Deltaking i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordning
- Relevante tilleggskvalifikasjoner vektleggast
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle
Personlege eigenskapar
- Du liker varierte utfordringar
- Du har interesse for ortopedi og forskning
- Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
- Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
- Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
- Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
- Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)
Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Parkvegen 84, 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kirurgi, Lege, LIS
Nøkkelord
LIS, ortopedisk, kirurgi, vikariat, molde
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322673786
- Sist endret