Barnehagelærar
Oppveksteininga
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Me søkjer deg som er barnehagelærar og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.
Bjørketeigen barnehage har ledig vikariat frå snarast til 31.07.24. Har du anna relevant utdanning eller erfaring frå arbeid i barnehage kan du søkja. Det er moglegheit for auka stillingsprosent.
Barnehagen ligg i fine naturomgjevnadar og har uteliv og natur som satsingsområde. Aldersgruppa på avdelinga er 1-3 år.
Me har fokus på godt arbeidsmiljø og barnehagane i Kvam deltek i prosjektet "Bli i jobben" i regi av KLP. Målet er å styrka arbeidsmiljøet, redusera sjukefråvær og bidra til at tilsette i barnehage trivs og blir verande i jobben.
Barnehagen driv med kompetanseutvikling gjennom BTI (betre tverrfagleg innsats), Sjå barnet innanfrå (relasjonskompetanse), Udir sine kompetansepakkar i trygt og godt barnehagemiljø og gjennom kommunale kompetansepakkar tilpassa dei enkelte stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
- Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei ro og tid, samtalar og leik
- Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
- Skapa ein god barnehagekvardag for alle
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
- Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
- Rettleia, involvera og motivera
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
- Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
- Nært samarbeid med spesialpedagog i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, evt andre med erfaring frå arbeid i barnehage, anna relevant utdanning
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter ved å ha:
- Gjennomført og bestått opplæring i norsk på vidaregåande skule
- Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta
- Bestått eksamen fra 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
- Bestått test i norsk
- Høgare nivå (Bergenstesten), eller ha avlagt norskprøve og oppnådd nivå B2 på delprøvene i skriftleg framstilling, leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
- Ha eit positivt barnesyn
- Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
- Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
- Samarbeida godt med andre
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Rettleiing til nyutdanna dei to første åra
- Støtte til relevant vidareutdanning
- Godt og fagleg arbeidsmiljø
- Nye barnehagebygg
- Varierte arbeidsdagar
- Delta i vår satsing "Sjå barnet innanfrå" med utgangspunkt i COS (circle of security)
- Opplæring i BTI (betre tverrfagleg innsats)
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Ann-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904Arbeidsstad
Vavollen 1375610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4712745077
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Søknadsfrist: 19.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322653130
- Sist endret