Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar/assistent/student – 20 til 27% fast
Alver kommune
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Kvasten avlastningsbustad har ledig 4 stillingar med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg. Fleire av stillingane er inkludert i langvakter, inntil 14 timar.
- Arbeidsoppgåver
Som ein del av vårt team skal du utføre målretta miljøarbeid, og gje borna/ungdomane tryggleik, meistring og gode opplevingar. Samt dokumentere i elektronisk journal.
Om avdelinga
Avdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.
I Kvasten avlastningsbustad legg vi vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Vi er også opptatt av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar.
Vi håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre.
Kvalifikasjonskrav
Barne og ungdomsarbeidar/Helsefagarbeidar vil bli prioritert. Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar kan det vurderast å vika frå utdanningskravet.
Ønska kompetanse:
- Kjennskap til epilepsi
- Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne
- Erfaring med born og unge med atferdsutfordringar
Kven er du?
- Du er empatisk, omsorgsfull og kreativ
- Du trivast sammen med born og unge
- Du har kjennskap til emosjonsfokusert tilnærming
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har evne til å arbeida strukturert, sjølvstendig og målretta
- Du har evne til å inspirere, motivere og skapa gode relasjonar
- Du er tålmodig, løysingsorientert og har godt humør
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn etter tariffavtale
- Gode rutinar og prosedyrar
- Ein spanande og variert arbeidskvardag
- Faste samarbeidsmøte og rettleiing
- Pensjonsordning via KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322642959
- Sist endret