Sjukeheimsoverlege
Bjørnafjorden kommune Legetenester - sjukeheimslegar
- Frist 06.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Sjukeheimsoverlege
Bjørnafjorden kommune har f.o.m 1.12.23 ledig 100% fast stilling som sjukeheimsoverlege.
Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande team!
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Nokre dager i månaden er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfaglig ansvar for utredning, behandling og rehabilitering av pasientar og bebuande på sjukeheim. Ein del av stillinga omfattar klinisk arbeid ved sjukeheimane
- Samarbeid med pårørande, fastleger og øvrige einingar og faggrupper
- Medisinsk rådgjevar for einingsleiar, avdelingsleiar og øvrig helsepersonell ved LBBS og FBBS
- Bidra med fagutvikling og administrativt arbeid
- Ansvar for veiledning og supervisjon av leger under utdanning (ALIS og LIS-1)
- Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist innen allmennmedisin eller geriatri. Andre relevante spesialister kan også søkje
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram
Personlige eigenskaper
- Vi søkjer deg som har erfaring, interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin
- Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- God konkurransedyktig lønn
- Tilrettelegging for å oppnå godkjenning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisin
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
- Internundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Allmennmedisin
Nøkkelord
Sykehjemsoverlege, sykehjem, lege, allmennmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322631273
- Sist endret