Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Universitetet i Bergen
- Frist 25.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Økonomiavdelinga har ansvar for alle økonomi- og innkjøpsfunksjoner ved Universitet i Bergen. Inkludert systemforvaltning og utvikling av administrative informasjonssystem knytt til avdelingens funksjonar.
I Økonomiavdelinga, Seksjon for lønn, er det ledig stillingar som saksbehandlar.
Seksjon for lønn utfører og har ansvar for fagrelaterte oppgåver for alle einingar ved UiB innan arbeid med lønn og lønnsnær HR. Seksjonen har oppretta fagspesialist team innan lønn og lønnsnær HR og er knytt til Økonomiavdelinga UiB.
Seksjon for lønn er for tida delt inn i fire team ut frå arbeidsområde i personal- og lønnsdatasystemet SAP. Våre tilsette har erfaring frå fagfelta HR, økonomi og lønn.
Vi søker no etter ny saksbehandlar (fagspesialist) til vårt HR-team. Om du har interesse, utdanning eller erfaring innan HR og lønn, trivst med å jobbe utoverretta, men samtidig med teknologi og system, så er det nettopp deg vi ser etter.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere knytt til saksbehandling av nytilsette, og personar som skal tilsetjast på ny, registrering i lønnssystemet SAP, permisjonar, ferie og anna fråvær samt avslutning av arbeidsforhold
- Saksbehandling av oppgåver knytt til lønnsnær HR i samsvar med regelverk og rutinar
- Ansvar for å sikre god datakvalitet i systemløysinga innanfor ferie- og tidregistrering
- Kontroll, kvalitetssikring og rapportering
- Rettleiing (rettleiingsoppgåver) mot fakultet/eininga og internt i seksjonen innanfor eit spesifikt saksområde eller fagfelt
- Brukar- og leiarstøtte knytt til sjølvbetjeningsløysingar og regelverk
- Andre oppgåver i seksjonen kan verte aktuelle
Fagspesialistane har ei aktiv rolle mellom tilsette og leiarar i saker som behandlast via sjølvbetjeningsløysinga i SAP. Fagspesialistane vurderer og kontrollerer saker som går i flyt i systemet og utførar kvalitetskontrollen opp mot gjeldande lover og reglar.
Dette omfattar også å bidra til opplæring, rettleiing og systemstøtte internt på seksjon for lønn og ut i organisasjonen elles. Stillingane gir moglegheit for å delta i utvikling av og standardisering av, nye rutinar og prosessar innan lønn og lønnsnær HR.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning på fortrinnsvis bachelor- eller masternivå, innan fagområdet HR, administrasjon, eller andre relevante fag. Lang og relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdannin
- God kunnskap om lovverk, tariffavtaler og regelverk knytt til tilsetjingsforhold i staten
- Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Det er ein fordel med HR og eller lønns-kompetanse frå offentleg verksemd
- Det er også ein fordel med kompetanse i personal- og lønnsdatasystemet (fortrinnsvis SAP)
Personlege eigenskapar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
- Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon
- Evne til å jobbe i team
- God problemløysingsevne
- God serviceinnstilling og opptatt av å finne løysningar
- Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig innan gitte fristar
Vi kan tilby:
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde.
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), løn kr. 548 600 - 584 500, eller rådgjevar (kode 1434), løn kr 584 500 til 635 400 avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt godt kvalifisert søkjar kan ein vurdere høgare løn
- Fleksibel arbeidstid
- Opning for trening i arbeidstida
- Medlemskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: : seksjonssjef Tone Elin Skaugvold, tlf. 55 58 20 30 / 92 49 48 41, e-post: tone.skaugvold@uib.no eller teamleiar Anita Helen Spurkeland tlf. 55 58 90 58, e-post: anita.spurkeland@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lønn, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322555977
- Sist endret