Inaktiv
Leiar for skulefritidsordning
Sandane skule, Gloppen kommune
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Sandane skule er ein barneskule i Gloppen kommune. Skulen er ein to-parallell skule frå 1. til 7. trinn med omlag 270 elevar og 42 tilsette.
SFO har rundt 80 elevar frå 1. til 4. trinn.
Vi søkjer etter ny leiar for SFO i 100% fast stilling frå 01.01.2024.
Arbeidsoppgåver
- Sette opp arbeidsplan for dei tilsette på SFO
- Planlegge innhaldet i SFO saman med dei andre tilsette.
- Leie samarbeids-og utviklingsmøter for SFO.
- Ha tett kontakt og samarbeid med leiinga på skulen.
- Leie og utvikle SFO etter lover, forskrifter og planar.
- Legge til rette for god kommunikasjon med foreldre og føresette.
- Ta del i skulen sitt leiarteam. Tal elevar i SFO avgjer kor stor del leiarfunksjonen utgjer.
- I stillinga kan det og bli aktuelt å arbeide med ulike oppgåver inn i skulen.
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning, fagbrev i barne -og ungdomsarbeidarfaget eller tilsvarande relevant utdanning.
- Du må ha evne til å leie andre og skape positivitet rundt arbeidsoppgåvene.
- Ha kunnskap og forståing for behov hos barna, og sette samarbeid med andre høgt.
- Du bør vere kreativ og løysingsorientert.
- God på kommunikasjon, relasjonsbygging, stabilitet og fleksibilitet.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, +47 913 31 262Arbeidsstad
Grandavegen 96823 SANDANE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4716141013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322540778
- Sist endret