Sjukepleiar
KIRURGISK POLIKLINIKK, DAGKIRURGI OG INNTAKSKONTOR MOLDE, Helse Møre og Romsd...
- Frist 29.10.2023
Kirurgisk Poliklinikk Molde har ledig et sjukevikariat på 1 år i 100 % stilling, som består av 82,4 % på kirurgisk poliklinikk og 17,6 % kvar tredje helg på kirurgisk sengepost B. Moglegheit for forlenging.
Som sjukepleiar på kirurgisk poliklinikk blir du ein del av eit sterkt fagmiljø, som samarbeidar i team med andre faggrupper. Vi behandlar pasientar som er tilvist frå fastlege og andre instansar for vurdering og behandling innan fagområda kirurgi, ortopedi, urologi, gastro og plastikk. Vi utfører mindre kirurgiske inngrep, har kontrollar og oppfølgingar av pasientar. I tillegg har vi sjukepleiarar innan stomioppfølging, osteoporose, sårbehandling og urologi som har eigne polikliniske konsultasjonar. Kirurgisk sengepost B har pasientar innan ortopedi, urologi, ØNH og auge, og er ein spanande arbeidsplass med fokus på fag. Avdelingane har eit godt og sammensveisa arbeidsmiljø og ingen arbeidsdag er lik.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje!
Ta gjerne kontakt for meir informasjon! Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Assistere legar i behandling av pasientar og arbeide sjølvstendig med ulike behandlingar innan ulike fagområde
- Samarbeide med ulike instansar
- Kunne beherske fleire system
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Sjukepleiar med erfaring frå kirurgiske fag er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv holdning
- Du er endringsvillig, utadvenst og engasjert
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med kollegaer, pasientar og pårørande
- Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Gule, Seksjonsleiar, +47 95940303, ida.gule@helse-mr.noArbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4716190464
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2023
Sluttdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322504447
- Sist endret