
Fagkonsulent IT, Krafthandel
Tussa
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling i krafthandelsavdelinga
Spennande stilling i krafthandelsavdelinga
Tussa vil styrke krafthandelsmiljøet og søkjer etter deg med solid IT kompetanse og bakgrunn frå prosessflyt/programmering/software. Du vil inngå i teamet saman med produksjonsplanleggjar, trader og analytikar i tillegg til avdelingsleiar. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt på tvers. Medarbeider blir involvert og må kunne gå inn i teamet i samband med beredskap og backupfunksjonar utanfor eige ansvarsområde.
Mykje av arbeidet vil vere knytt til digitalisering og automatisering innan prognosar og krafthandel samt tilhøyrande aktivitetar. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:
- Digitalisering/automatisering
- Bruk av maskinlæring/KI
- Implementering av algoritmehandel
- Prosessutvikling, betre dataflyt mellom ulike fagsystem
- Kontaktpunkt og samhandling med aktuelle programvareleverandørar
- Dokumentasjon av prosedyre og eige arbeid
- Balanseavrekning for krafthandel
- 3-5 år med høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Programmeringskunnskap
- Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg
- Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode velferds -, pensjons - og forsikringsordningar
For fleire opplysingar kan du kontakte avdelingsleiar Krafthandel; Tor Wilhelm Havåg på mobil 91 85 25 47 eller Anders Eidså ingeniør Kraftverksseksjonen 93 26 32 42.
Spørsmål om stillingaTor Wilhelm Havåg
Avdelingsleiar Krafthandel
91852547tor.havaag@tusssa.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet med over 250 medarbeidarar. Konsernet femnar om forretningsområda energi, IKT og installasjon og har ei årleg omsetning på om lag 1 mrd. kr.
Tussa har stort miljøfokus og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden.
Konsernet sitt hovudkontor ligg i Ørsta – i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa Energi
Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet planlegg, bygg ut og driv kraftverk, samt kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. Tussa Energi driv og held ved like 29 kraftverk og eit biobrenselanlegg. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 20 tilsette.
- Sektor: Privat
- Sted: Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: AI / Maskinlæring, Analyse, Utvikler (generell)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322502837
- Sist endret