
Helgestilling rehabilitering Sivdamheimen
Time kommune
- Frist 17.10.2023
Helgestilling Sivdamheimen rehabilitering
Er du ein engasjert og lærevillig person med interesse for menneska rundt deg? Då håper me at du søker på stillinga her på korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen. Me har ledig helgestilling kvar 3. helg, som vil passa utmerka for deg som er helsefagarbeidar, eller er under utdanning til sjukepleiar/vernepleiar. Stillinga kan også vera aktuell for deg som har eit stort engasjement for å bidra til å gje god pleie og omsorg til pasientane ved avdelinga. På korttids- og rehabiliteringavdelinga vil du få eit godt arbeidsmiljø med mange moglegheiter for fagleg utvikling. Me tilbyr gode studentordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar.
Me ønsker deg som er positivt innstilt og engasjert, og på denne måten bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Avdelinga har mellom anna fokus på opptrening for at pasientane skal kunna meistra kvardagen i eigen bustad. Det er og ei lindrande eining ved avdelinga. Sivdamheimen ligg sentralt til på Bryne, og med gangavstand til togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg til pasientane
- Dokumentasjon etter lov og forskrift
- Samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
- Turnus kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjent helsefagarbeider
- Sjuke-/vernepleiarstudentar blir oppfordra til å søkje
- Studentar eller elevar med annen relevant bakgrunn vil verta vurderte
- Erfaring frå hjemmetjeneste eller institusjon blir lagt vekt på
- Du må kunne gjera deg forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande B2.
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, og kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmijø
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Du må like utfordringar, og ha evne og vilje til å tilegna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
- Gode stipedordninger for sjuke- og vernepleierstudentar
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Her er ein filmsnutt frå ein kjekk arbeidsdag i verksemda: https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322414220
- Sist endret