Overlege/Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Psykisk helsevern for barn og unge er sett saman av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Vi har ledig fast overlegestilling for spesialist i barne- ungdomspsykiatri ved akutt- og utredningseininga i Ålesund. Oppstartdato 01.01.2024.
Akutt- og utredningseininga er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund. Vi arbeider for eit felles fagmiljø og ein kan få oppgåver knytta til poliklinikken..
Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt ii tverrfagleg behandlingsteam
- Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
- Vegleiing/supervisjon av LiS
- Ta del i legemøter saman med poliklinikktilsette i Ålesund, og i avdelinga sine lege-møter
- Undervisning
- Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
- Søkjar som ikkje har fullført spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga
- Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og for forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Rekrutteringstillegg
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4697312195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322403972
- Sist endret