IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
Universitetet i Bergen
- Frist 17.10.2023
- Ansettelsesform Fast
IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
)Vær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen
Med auka behov for å leie arbeidet med å utvikle digitale løysingar søkjer UiB å styrke prosjektleiargruppa. Gruppas primæroppgåver er å gi støtte og legge til rette for god prosjekt-, program-, produkt- og prosessleiing og -styring i organisasjonen. Gruppa utviklar og forvaltar god metodikk innan områda. Personen som blir tilsett vil gå inn som IT-produktleiar i prosjektet The FairChoices DCP Analytics Tool (https://www.uib.no/en/bceps/130756/fairchoices-dcp-analytics-tool), som er knytt til Bergen Centre for Ethics and Priority Setting in Health (BCEPS). Vi er ute etter ein person som kan leie arbeidet med produktutviklinga av dette analyseverktøyet. Arbeidsstad vil vere delt mellom IT-avdelinga og BCEPS.
Bergen Centre for Ethics and Priority Setting (BCEPS) er eit forskningssenter som har som mål å forstå og fremje etisk akseptabel, rettferdig og effektiv prioritering i nasjonale helsevesen. Sjå meir om BCEPS her: https://www.uib.no/en/bceps/130756/fairchoices-dcp-analytics-tool
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib
Arbeidsoppgåver:
- Leie arbeidet med å oppgradere arkitekturen til FairChoices for å møte umiddelbare behov frå samarbeidande land og leggje til rette for forsking og akademisk samarbeid
- Leie arbeidet med å utvikle og inkludere etterspurde funksjonar i FairChoices
- Leie arbeidet med å utvikle ein produktpipeline for FairChoices (frå idé til lansering)
- Bidra med å handtere budsjett og utvikle finansieringsmodell
- Bidra med personalhandtering og bygging av team (definere oppgåver, vurdere resultat, tilsette medarbeidarar)
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga eller instituttet sine arbeidsområder.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Solid fagleg kompetanse og røynsle innan IT-prosjekt- og produktleiing
- Røynsle frå prosjektarbeid og prosjektleiing i store, komplekse organisasjonar
- Røynsle frå prosjektarbeid og prosjektleiing i organisasjonar i vekst
- Røynsle med utvikling av produkt for ein internasjonalt marknad
- Røynsle med bruk av praktisk prosjekt- og produktutviklingsmetodikk (t.d. PRINCE2 og Agile/Scrum)
- Gode prosjektleiareigenskapar og menneskelege kvalifikasjonar. Evne til å arbeide på tvers i ein sterk kunnskapsorganisasjon med autonom kultur
- Evne til å arbeide på tvers av ulike institusjonar i ulike land
- Sjølvstendig, strukturert, arbeider godt i team
- Interesse for både kunde-/brukarbehov og teknologi
- Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og/eller engelsk)
- Høgare utdanning (master, siv.ing.) eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis
- Kjennskap til FairChoices-prosjektet er ein fordel
Vi søkjer ein person som er:
- Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysinger
- Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse
- Evne til å samarbeide og dele kunnskap
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364), løn kr 692.400 til 845.900 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
- Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug, epost jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70 , eller professor Øystein Ariansen Haaland ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, epost oystein.haaland@uib.no, tlf: 55 58 61 24.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Produktledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322400499
- Sist endret