100% fast stilling som ergoterapeut
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 26.10.2023
- Ansettelsesform Fast
3 gongs utlysing. Vi lyser ut 100% fast stilling som ergoterapeut frå og med snarast.
Tokke kommune har hatt ein fast ergoterapeut gjennom 27 år i 100% stilling som no har gått av med pensjon, og vi søkjer difor etter ein ny ergoterapeut som kan vidareutvikle denne tenesta i tett samarbeid med våre to kommunale fysioterapeutar med fleire. Vi set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt, og legg til rette for dette. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og vi har høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestane.
Ergoterapeut er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor, psykisk helse og rus, og fysioterapitenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Hovudkontakt med hjelpemiddelsentralen
- Vurdere, kartleggje og tilretteleggje
- Utprøving, tilpassing, formidling og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
- Delta i implementering av velferdsteknologi
- Oppgåver innan rehabilitering og kvardagsmestring
- Veiledning og opplæring av pasient, personale og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Plan-og prosedyrearbeid
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut
Vi søkjer deg som:
- Arbeider målretta med pasientar
- Har god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneske
- Er fleksibel og løysningsorientert
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Kan norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
- Har førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø
- Ein lærande og framtidsretta organisasjon
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtale
At du er fagleg og personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om vikariatet kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid
Tlf: 35 07 55 30/ 41 10 09 75, e-post: evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322396674
- Sist endret