100% vikariat som kommunefysioterapeut
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Tokke kommune søkjer ein fysioterapeut i 100% vikariat frå 02.01.24 tom. 01.11.24.
Ledig 100 % vikariat som kommunefysioterapeut
Arbeidet er knytt opp til kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og Frisklivssentralen. Kommunen har to kommunale fysioterapistillingar, ein ergoterapeut, samt to fysioterapeutar med driftstilskot som driv eige institutt.
Vi set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt, og legg til rette for dette. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og vi har høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestane.
Fysioterapitenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, helsestasjon- og skulehelsetenesta inkl. jordmor, psykisk helse og rus, og ergoterapitenesta. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjarar
- Utføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar både i heimen, på institusjon, i barnehage og skule, samt på helsestasjon.
- Drive og vidareutvikle det førebyggjande helsearbeidet i kommunen i form av individuelle samtaler, gruppetilbod og kurs gjennom Frisklivssentralen i Tokke.
- I stillinga ligg det eit bredt fagleg samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Erfaring med kommunal fysioterapi
- Det er en fordel med interesse for tverrfagleg arbeid med pasientar i alle aldrar
- Erfaring med leiing av ulike treningsgrupper
- Ynskjeleg med erfaring innan arbeid i Frisklivssentral
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein hektisk kvardag
Vi søkjer deg som:
- Arbeider målretta med pasientar
- Har god evne til å kommunisere og oppnå gode relasjonar til andre menneske
- Er fleksibel og løysningsorientert
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Kan norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
- Har førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø
- Ein lærande og framtidsretta organisasjon
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtale
At du er fagleg og personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om vikariatet kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid
Tlf: 35 07 55 30/ 41 10 09 75, e-post: evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322396456
- Sist endret