100% vikariat som helsefagarbeidar ved heimetenesta
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 26.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Stillinga inneber arbeid fortrinnsvis på omsorgsenter, men også aktuelt med arbeid i heimesjukepleia. Tilsette arbeider i årsturnus med arbeid 3.kvar helg.
Kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse B
- Fagbrev
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Me søker deg som
- Er ein positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har samarbeids - og kommunikasjonseigenskapar som skapar trygge og gode relasjonar med brukerar, pårørande og kollegaer
- Er fleksibel og løysningsorientert
- Jobbar sjølvstendig, er strukturert og engasjert
- Er ein stabil arbeidstakar
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Gode kommunale arbeidsvilkår
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning i KLP
At du er fagleg og personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare informasjon om stillinga får de ved å ta kontakt med avdelingsleiar i heimetenestaSilje Andrea Kyrkjebø 370 75 521/ 473 99 988
E-post: Silje.andrea.kyrkjebo@tokke.kommune.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322391429
- Sist endret