Rådgjevar
Universitetet i Bergen
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar ved UiB Videre
Rådgjevar ved UiB Videre
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
UiB søkjer ein utadretta og oppsøkjande rådgjevar i arbeidet med å tilby livslang læring, kompetanseheving og kunnskapsoverføring til samfunnet gjennom forskingsbaserte og fleksible etter- og vidareutdanningar.
Stillinga er plassert ved UiB Videre, som er den sentrale eininga for etter- og vidareutdanning ved UiB. Eininga er lokalisert i Media City Bergen.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til å utvikle nye etter- og vidareutdanningstilbod i samarbeid med fagmiljøa ved UiB og eksterne aktørar
- Rådgjevaren vil ha utstrekt samarbeid med arbeids- og næringsliv i offentleg og privat sektor
- Rådgjevaren skal rettleie fagmiljøa i korleis nye tilbod kan utviklast og etablere gode og berekraftige samarbeidsflater med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgre utdanning på masternivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
- Har allereie eit etablert nettverk innan arbeids- og næringsliv, og er god til både å skape, vedlikehalde og ta i bruk slike nettverk
- Har kunnskap og erfaring med arbeidslivets behov for kompetanse
- Solid evne til å arbeide både sjølvstendig og samhandlingsorientert
- Prosjektleiarerfaring med vekt på innovative løysingar, prosjekt- og porteføljestyring
- Det er ein fordel om du har prosjektøkonomisk kunnskap og erfaring med anbods- og søknadsprosessar
- Det krevst gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg
God arbeidskapasitet, fleksibilitet, gjennomføringsevne, personleg dugleik og solide samarbeidsevner vil verta vektlagd
Vi kan tilby:
- Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende
- Å bidra til å utvikle UiB Videre som ei sentral eining ved UiB og realisere målsetjingane for livslang læring
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Stilling som rådgjevar (kode 1434), med årsløn kr 692 400 - 796 600 , avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
- Fleksibel arbeidstidsordning. Noko reiseaktivitet må påreknast
- Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse med mellom anna eit av marknadens billegaste bustadlån
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: underdirektør Bo Byrkjeland (bo.byrkjeland@uib.no), telefon: (+47) 482 80 862
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Prosjektledelse, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322390275
- Sist endret