Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Universitetet i Bergen
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig 1 fast stilling (100%) og 1 vikariat (100%) som rådgjevar. Tilsetjing med oppstart så snart det let seg gjere. Vikariatet gjeld fram til sommaren 2024, og det kan vera aktuelt med forlenging.
IGS er eit stort institutt ved UiB, særleg med høve på porteføljen av eksterne prosjekt. Instituttet har over 200 tilsette og ein administrasjon på om lag 24 personar, der økonomiseksjonen har 5 tilsette. Hos oss får du jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekt både nasjonalt og globalt innan samfunnsmedisin og global helse. Administrasjonen si oppgåve er å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda, kor eksterne forskingsprosjekt er særs viktige. Vi forvaltar eit budsjett på over 215 millionar kroner, kor om lag 145 millionar kroner gjeld forskingsprosjekta våre.
Dei nye rådgjevarane vil få ansvar for si eiga prosjektportefølje, og får vera med på å utvikle og byggje instituttet vidare. IGS husar fleire store senter, og aktiviteten er aukande. En god del av prosjekta er store, og ofte retta mot låginntektsland i Afrika og Asia. Dette stiller krav til gode kunnskapar og kommunikasjonsevner for prosjektøkonomane når det gjeld rapportering, overføring av midlar og generell kommunikasjon med partnerar. Prosjektøkonomane deltek og i prosjektmøter, både i Noreg og i visse høve i utlandet.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og treng deg for å oppfylla instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn).
Arbeidsoppgåver:
- Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter med ansvar for budsjettering, avviksanalysar, økonomirapportering og oppfølging av avvik
- Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike fasar: søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
- Støtte og bistand i økonomispørsmål til vitskapleg tilsette
- Dialog med samarbeidspartar rundt økonomiske spørsmål
- Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningsliner og system
- Bestillingar og fakturabehandling for prosjekta, samt overføring av midlar til partnarar
- Sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
- Kvalitetsutvikling innan økonomiområdet
- Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med økonomirelatert innhald. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant erfaring frå økonomiarbeid er eit krav. Erfaring frå prosjektøkonomi og frå universitets-, høgskule- eller instituttsektoren er ei føremon.
- God forståing og erfaring frå alle prosessar i økonomiarbeid, særleg prosjektøkonomi, er ei føremon
- Erfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap, samt bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
- Gode analytiske eigenskapar
- Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
Vi søkjer ein person som
- Trivst med å ha stort spenn i arbeidsoppgåver. Arbeid med budsjettering og rapportering krev at du er ryddig og har god gjennomføringsevne, og at du kan jobbe sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst. I rolla som rådgjevar og støttespelar for tilsette og leiarar krevst det at du er proaktiv, og at du har ein høg grad av serviceinnstilling, samt gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Det er viktig at du er fleksibel og løysningsorientert, har stor arbeidskapasitet og trivst i ein travel arbeidskvardag.
- Har ei drivkraft til å gjera ein god jobb og likar å spele på lag med andre
- Bidreg til vårt gode fellesskap og arbeidsmiljø
- I vårt val av kandidatar vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 615 700 - 667 700 (lønssteg 63 - 68). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til økonomikoordinator Siv Johnsen Eggereide, e-post siv.eggereide@uib.no, tlf: 55 58 68 43)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen). (https://www.uib.no/foransatte/74251/ansettelsesprosessen)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Årstadveien 17, 5018 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322259195
- Sist endret