Rettleiar i tiltaket Arbeidsførebuande trening
Viergo A/S
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsførebuande trening er eit tiltak med formål om jobb gjennom arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne. Tiltaket er retta mot personar med nedsett arbeidsevne og samansette støttebehov. Vår leveranse skal vere ordinært arbeid for den enkelte, og inkludere flest muleg i det ordinære arbeidslivet.
For å nå målet vårt arbeider vi metodisk med faglig god kvalitet. Vi har eit arbeidsmiljø med høg faglig kompetanse og fokus på utvikling og samarbeid.
Vi har fått utvida AFT-tiltaket vårt, og treng ein ny rettleiar i 100% stilling frå 1. februar 2024.
Arbeidsoppgåver
- Systematisk kartlegging og karriererettleiing
- Individuell rettleiing med fokus på meistring og motivasjon
- Leggje til rette for jobb gjennom god kontakt med næringslivet
- Samarbeid med arbeidsgjevarar
- Oppfølging på arbeidsplass
- Rapportskriving
- Tett dialog med NAV
Vi søkjer deg som
- Er ein god relasjonsbyggjar
- Er løysingsorientert og målretta
- Det er ein fordel med rettleiingskompetanse som til dømes Supported Employment (SE) eller Individuell jobbstøtte (IPS), og erfaring med metodikken Motiverande intervju (MI) eller liknande
- Har relevant høgare utdanning på bachelornivå. Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant arbeidserfaring
- Gode kommunikasjonsevner og god framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Datakompetanse
- Førarkort for bil klasse B
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt, utfordrande og variert arbeid for og med mennesker
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar og personalforsikringar, velferdsgoder og fellesgoder
- Løn etter avtale
Søkjarar må levere politiattest ved tilsetjing.
Tilsetjing 1. februar 2024
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Audny Gjøsæter Hollund, tlf 48055756
Søknadsfrist 20. oktober 2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322252729
- Sist endret