Inaktiv
Fastlege
Helse- og omsorgsetaten
- Frist 23.10.2023
Ulstein kommune vil opprette ein ny fastlegeheimel og søker etter lege til denne heimelen. Heimelen skal vere lokalisert ved Ulstein legesenter. Ulstein legesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap med 10 fastlegar og to turnuslegar.
Kommunen har interkommunal legevakt saman med Hareid kommune på ettermiddag/kveld og i helgane. Kommunen er med i fastlønna interkommunal legevakt på natt saman med Hareid, Herøy, Sande, Volda og Ørsta. Det er pliktig deltaking i legevakta.
Kvalifikasjonar
- Spesialist i allmennmedisin, alternativt er under spesialisering i allmennmedisin med rett til refusjon
- Gode evner i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling og fagleg engasjement
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Vi legg stor vekt på uttale frå allmennlegeutvalet i samsvar med ASA 4310
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegar
- Listestorleiken kan du sjølv vere med å påverke
- ALIS avtale
- Kommunal deltidsstilling i inntil 7,5 timar pr. veke kan bli pålagt
- Vilkår for praksisen går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar
Ved tilsetjing må du legge fram ny politiattest.
Kontaktinformasjon
Michael Dahl, Dagleg leiar ved Ulstein legesenter, 70018989Inger Lise Kaldhol, Kommuneoverlege, 48181541
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4714611454
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.03.2024
Søknadsfrist: 23.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322252644
- Sist endret