Inaktiv
Miljørettleiar
Gulen kommune
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg!
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå snarast/etter avtale av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane.
Arbeidsoppgåver
- Styrking i ulike klassar
- Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
- Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
- Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
- Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing
- Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg
- Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
- Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322238036
- Sist endret