
Konsulent / rådgivar
Bygland Kommune
- Frist 5.11.2023
Økonomi konsulent / rådgivar
Me har no ledig økonomistilling. Stillinga er organisert i stabseininga Økonomi og administrasjon. Eininga består
i dag av seks dyktige og engasjerte tilsette i tillegg til stabsleiar, og me har eit godt arbeidsmiljø. Økonomi og administrasjon er ansvarleg for den fortløpande rekneskapsføringa til kommunen, budsjett, rapportering, finans, gjeldsforvaltning, fakturering og innfordring. I tillegg kjem lønn, arkiv, startlån, politisk sekretariat, heimeside, sentralbord og kundemottak. Stabseininga hjelper dei kommunale driftseiningane og yter service til organisasjonen i det daglege arbeidet. Økonomi og administrasjon er òg eigar og administrator for fagsystem.Bygland kommune, saman med resten av Setesdalskommunane, skal frå 01.01.2024 innføre nytt økonomi- og personalsystem. Bygland kommune er med i det interkommunale IKT-driftsselskapet IKT-Agder, som leverer tenester på to nivå av offentleg forvaltning (kommune og fylke). Til saman er det 14
eigarkommunar i tillegg til Agder fylkeskommune. Kommunane i IKT Agder bruker for det meste same fagsystem, som gjer det lettare å samarbeide på tvers av kommunane, og ein får eit større fagmiljø.
Stillinga er i utgangspunktet retta mot rekneskaps- og økonomioppgåver. På sikt kan det vere behov for å dreie oppgåvene meir over på lønnsområdet grunna mogleg omstilling internt. Då kan stillinga få eit overordna ansvar for lønnsområdet. Arbeidsstaden vil vere kommunehuset på Bygland. Stillinga rapporterer til stabsleiar for Økonomi og administrasjon.
Vi tilbyr
- Arbeidsstad i ein vakker og naturskjønn kommune.
- Eit godt arbeidsmiljø med fagleg interesserte og dyktige kollegaer.
- Gode moglegheiter til personleg og fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
Vi gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Inngåande fakturabehandling (under dette leverandøroppfølging)
- Remittering leverandørar
- Andre betalingar
- Bilagsbehandling
- Deltagelse i årsoppgjeret
- Andre rekneskapsmessige oppgåver
- Løpende kontakt med eigen organisasjon
- Videreutvikling av eige fagområde
- Andre relevante arbeidsoppgåver kan tilleggjast stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan rekneskap/økonomi på høgskulenivå
- Relevant arbeidserfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet, etter ei konkret vurdering
- Det er ønskjeleg med erfaring frå rekneskapsarbeid og gjerne frå kommunal verksemd
- Ønskelig med erfaring frå økonomisystemet Xlegder og Visma Multi Expert
- God systemforståing og Excel-kunnskapar er ein føresetnad
Personlege eigenskapar
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
- Strukturert og nøyaktig
- Selvstendig og effektiv
- Gode samarbeidseigenskapar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
- Sted: Sentrum 18, 4745 Bygland
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Økonomi og regnskap, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322237430
- Sist endret