Inaktiv
Fagarbeidar
Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling
- Frist 20.10.2023
Avdeling veg og park i samfunnssektoren har ein moderne maskinpark, breidt ansvarsområde og eit godt arbeidsmiljø. Denne stillinga er del av eit arbeidslag med ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, kyrkjegardar, veglys, kaier og ute-områder i Volda kommune.
Ronny Rotevatn, Seksjonsleiar veg og park, 97721957
6100 Volda
Referansenr.: 4715474954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2023
Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt til nybygg, drift og vedlikehald av infrastruktur innanfor avdeling veg og park i samfunnsektoren. Hovudarbeidsområdet er innanfor park/grønt. Oppgåver knytt til gravferd ligg til stillinga, men avdelinga har breidt ansvar og fagområde. Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver. Søkjar må vere villeg til å ta del i beredskap og brøytevakt.Kvalifikasjonar
Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev. God og relevant erfaring og røynsle frå anlegg/gartnarverksemd kan vere med å vege opp. Førarkort klasse BE, C og for anleggsmaskiner er naudsynt. Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt.Personlege eigenskapar
Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskapet.
Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre.
Er sjølvstendig i arbeidet.
Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering.
Vi tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar. Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. God offentleg pensjonsordning i KLP. Tilsetjing snarast råd.Kontaktinformasjon
Edvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, 91852543, edvin.lofoll@tussa.comRonny Rotevatn, Seksjonsleiar veg og park, 97721957
Arbeidsstad
Rotsetstranda 186100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4715474954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322220183
- Sist endret