Rådgjevar fagstab
Livsløp Haram, Ålesund kommune
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å bygge nye Haram kommune?
Frå 01.01.2024 blir Ålesund Kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med heilskaplege tenester i fokus, og ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og å arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Haram kommune tilbyr ledig stilling som rådgjevar innanfor kommunalområde livsløp. Stillinga inngår i kommunalsjef sin stab, og vil inneha rollene som barnehagemynde og rådgjevar. Dette vil innebere å vere vedtaksorgan for spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging i barnehage, samt å gi rettleiing om, og sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med bestemmingane i barnehagelova med forskrifter. Kommunen skal likebehandle private og kommunale barnehagar når den utfører oppgåver som barnehagemynde. Som barnehagemynde vil ein ha utadretta arbeid mot kommunale og private barnehagar og foreldre.
Livsløp er eit eige kommunalområde der ein samlar fleire tenester, som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt, og består av tenesteområde:
Koordinering og tildeling
Psykisk helse og rus
Helsestasjon og jordmor
Pedagogisk fagsenter
Ressursbase
Integrering
Barnevern
NAV
Ergoterapi, fysioterapi og lege
Eit viktig mål for kommunen er å yte tenester av god kvalitet. Som rådgjevar med ansvar for barnehagemynde må du då ha god kunnskap om tenestene i kommunen, vere ein lagspelar, god kommunikatør og sjå moglegheiter der andre ser utfordringar. Du vil arbeide tett i lag med dei andre fagstab- og fagtenestene i Haram, på tvers av kommunalområder.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver innanfor fagutvikling, kompetanseheving, kvalitetsarbeid, derunder søke, drifte og følge opp ulike prosjekt
- Rettleie barnehagane
- Godkjenning av barnehagar, samt gjennomføring av tilsyn
- Sikre barn sin rett til plass i barnehage og gjennomføre samordna opptaksprosess i kommunen i samarbeid med barnehageeigarane
- Bidra i arbeidet med kommunalt tilskot til godkjende private barnehagar, og sikre at private barnehagar som mottek tilskot vert behandla likeverdig med dei kommunale barnehagane.
- Handsame søknadar om dispensasjonar frå utdanningskrav for pedagogar
- Skrive vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 31 og tilrettelegging etter § 37 i barnehagelova
- Samarbeid og samhandling med interne og eksterne instansar.
- Andre oppgåver i samråd med kommunalsjef.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som førskulelærar/ barnehagelærar
- Relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå, juridisk eller forvaltningskompetanse er ein fordel
- Erfaring og kompetanse med arbeid innan kvalitetssikring, planarbeid og lovverk
- Gjerne kjennskap til politiske prosessar
- God kjennskap til barnehagelova, forskrifter og avtaleverk
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Nødvendig med god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kompetanse innan administrasjon inklusiv IKT
Ved rekruttering kan testverktøy bli nytta
Gyldig politiattest må leggast fram
Personlege eigenskapar
- Sterk evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar med andre
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Positiv med godt humør som taklar en hektisk kvardag
- Løysningsorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide målretta, systematisk og strukturert
- Vilje og interesse for utvikling av organisasjonen- ser moglegheiter for utvikling, forbetring og forenkling
- Evne til samhandling og samarbeid
- Opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til barn sitt beste
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande oppgåver i ein nybygd organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer.
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
- Løn etter vurdering ved tilsetting
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Lill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef Barnehage og skule , 415 04 764, Lill-Therese.H.Eidsvik@alesund.kommune.noFrode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef Livsløp, 922 43 788, frode.boe.hatlelid@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4713164490
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321740602
- Sist endret