ALIS institusjonsteneste - Lege - ØHD (KAD) i kombinasjonsstilling
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
- Frist 22.10.2023
ØHD-avdelinga er godkjent av Helsedirektoratet som utdanningsinstitusjon for spesialiseringsløp i allmennmedisin, og verksemda har tilbod om institusjonsteneste for ALIS i ny ordning. Tilbod om ALIS institusjonsteneste gjeld for alle samarbeidskommunane i det interkommunale ØHD-samarbeidet: Giske, Sula, Vestnes, Fjord og Ålesund.
Vi tilbyr her legestilling med 6 måneders institusjonsteneste. 100 % stilling, med oppstart for en kandidat 1. mars 2024, og en kandidat 1. september 2024. Stillingen blir spisset med supervisjon/veiledning særlig mot læringsmål ALM085 (selekterte pasientpopulasjoner, dybdekompetanse) og ALM055 (samhandling).
Avdelinga held til på Ålesund lokalmedisinske senter, rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD-avdelinga tek imot ferdig avklarte pasientar frå fastlege, legevakt og sjukehus. Avdelinga er eit interkommunalt tilbod.
Stillinga er i kombinasjon med andre offentlege legetenester, og inneber arbeid på daglegevakt og sjukeheim i tillegg til ØHD. Ein kan tilpasse stillinga noko ut i frå interessefelt. Stillinga inneber deltaking i felles beredskapsvaktordning ved ØHD-avdelinga og overgrepsmottaket, for tiden femdelt med vakt hver femte helg.
Ved eventuelt fleire aktuelle kandidater, og ledige stillinger, kan det bli aktuelt å innstille to kandidater for samme periode.
Vere venleg å oppgi i søknadstekst:
- Antall månadar tellande teneste i allmennmedisin.
- Antall fullførte nasjonalt anbefalte kurs.
- Antall gjennomførte månadar i veiledningsgruppe.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er blant anna:
- Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved akuttmottaket ved Ålesund sjukehus.
- Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
- Sjukeheimslege, eventuelt anna arbeid etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- LIS 3 kandidat i spesialisering.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid i avdelinga med fokus på pasientsikkerhet.
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å jobbe i team.
- Personleg eignatheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
Personlege eigenskapar
- Å vere personleg eigna for stillinga vil verte lagt stor vekt på.
- God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
- Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for leger.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer.
- Spanande, varierende og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- God turnusordning mtp. vaktarbeid, og ved behov tilpassa veiledningstid.
- Fagutvikling via vekesmøter, internundervisning og kursing.
Kontaktinformasjon
Svein Alan Rønning, Fagansvarlig overlege for legevakt, ØHD og overgrepsmottak, 930 52 031Sindre Søvik Erstad, Avdelingsleiar ØHD-avdelinga og overgrepsmottak, 958 55 960
Arbeidsstad
Åsesvingen 166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4702352362
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321740278
- Sist endret