Helsesjukepleiar, Helsestasjonen i Haram 2024
Livsløp Haram, Ålesund kommune
- Frist 22.10.2023
Frå 01.01.2024 blir Ålesund Kommune delt i to, og Haram blir eiga kommune.
Til den nye kommuna søkjer vi helsesjukepleiar og saman med oss andre på helsestasjonen skal du vere med å levere gode helsetenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Stillinga er organisert under Livsløp som er eit eige kommunalområde der ein samlar tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt. Kommunalområde Livsløp består av tenesteområde:
Koordinering og tildeling
Psykisk helse og rus
Helsestasjon og jordmor
Pedagogisk fagsenter
Ressursbase
Integrering
Barnevern
NAV
Ergoterapi, fysioterapi og lege
Haram kommune er ein ambiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Helsestasjonen er tenestestad for gravide, samt barn/unge og deira familiar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstenester, og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og miljøretta helsevern.
- Rettleiing til barn og unge, samt til foreldre og kollegaer
- Tverrfagleg arbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiar som er under helsesjukepleiarutdanning kan søkje og bli vurdert for tilsetting).
- Erfaring frå arbeid med barn og unge.
- Relevant kompetanse ift. arbeidmed psykisk helse blant barn og unge er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
For stillingane vil det bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vii ynskjer ein person som
- er ein god lagspelar
- har gode kommunikasjons- og samhandlingsevne
- Stor evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar med andre
- har evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig.
- har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen og medarbeidar ved å samhandle,
- likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar
- Reiseaktivitet:
Du må rekne med å måtte reise noko og eigen bil må påreknast brukt i tenesta.
Vi tilbyr
- Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling.
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer.
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg.
- Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Bodil Fjørtoft, Tenesteleiar Helsestasjon og Jordmor , 948 77 007, bodil.fjortoft@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4712529007
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321736323
- Sist endret