Fysioterapeut
Livsløp Haram, Ålesund kommune
- Frist 15.10.2023
Vi har ledig en 100 % fast stilling som fysioterapeut i Haram kommune frå 01.01.2024. Ergoterapi, fysioterapi og lege vil ha eigen tenesteleiar og vere del av kommunalområde livsløp. I livsløp har ein samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggarar der det er naudsynt.
Livsløp består av tenesteområde:
Koordinering og tildeling
Psykisk helse og rus
Helsestasjon og jordmor
Pedagogisk fagsenter
Ressursbase Integrering
Barnevern
NAV
Ergoterapi, fysioterapi og lege
Haram kommune er ein ambiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukarar primært retta mot vaksne og eldre over 18 år, både individuelt og i grupper.
- Rettleiing/undervisning/informasjon til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
- Formidling av kunnskap, både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Relevant erfaring og kompetanse frå kommune-/spesialisthelseteneste
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Du er brukarorientert.
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta.
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.
- Du er opptatt av det gode arbeidsmiljø på arbeidsplassen, og bidrar aktivt til å ivareta dette.
- Å vere personleg eigna vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei støttande arbeidsgruppe med godt samhald som gir gode føresetnadar for å å vekse som fysioterapeut.
- Interessante og utfordrande oppgåver i ein nybygd organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer.
- Mulegheit for tett samarbeid med andre yrkesgruppe.
- Stor breidde i brukargruppe og arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.
- Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef Livsløp, 922 43 788, frode.boe.hatlelid@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4711930723
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321736317
- Sist endret