Vi har ledig stilling i verdas beste jobb
Hjarte/Lunge sengepost Stord, Helse Fonna HF
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig stilling i verdas beste jobb (om vi får sei det sjølv). Ledig 100 % fast tredelt stilling for sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved hjarte/lunge sengepost.
Avdelinga har 24 sengeplassar og mange fagleg sterke sjukepleiarar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med
trygg og open kommunikasjon, og tar godt i mot nye.Vi har regelmessige fagdager, og jobbar kontinuerleg med å halda oppe ein høg fagleg standard.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei
heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt
utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon
nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar, oppgi i søknaden din
dersom dette er aktuelt.
Vi ynskjer å høyre frå DEG!
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillingene.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientar saman med andre faggrupper
- Gi god omsorg til pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Ønskeleg med erfaring innan hjarte/lunge/gastro og kreftomsorg.
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig
- Du har høg arbeidsmoral
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, stor bredde på medisinske problemstillingar
- Mulighet for nattevaktsturnus
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar, 91727832, Anne.Grete.Solli@helse-fonna.noOlaug Larsen Sætre, Funksjonsleiar, 91775001, olaug.larsen.setre@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4714298516
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321717622
- Sist endret