Fast stilling sjukepleiar
Nevrologisk sengepost
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har gleda av å kunna lysa ut fast stilling i 3 delt turnus .
Nevrologi er eit spennande fagfelt som stadig er i utvikling.
Vi behandlar både akutte og kronisk sjuke pasientar.
Det er hos oss viktig å sjå det heile mennesket, både dei fysiske problema men også dei psykososiale. Å jobba hos oss gir varierte arbeidsdagar, kontakt med gode kollegaer, og ansvar for både pasientar og pårørande deira.
Nevrologisk avdeling består av poliklinikk, EEG laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi per dags dato 14 sengeplassar, 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon. Vi har fokus på akutt behandling og tidleg rehabilitering. Vi har derfor tett samarbeid med andre faggrupper som fysio-ergo- terapeut, logoped med meir . Vi har fokus på fag og kvalitet og kursdagar og personalmøter ligg fast i turnus.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Inngå i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane best mogleg opphald på avdelinga
- Gi omsorg til pasient og pårørande
- Opplæring og rettleiing av pasient og pårørande
- Rettleia studentar
- Ta del i oppgåver som ligg i avdelinga
- Utføra sjukepleie prosedyrar
- Tett samarbeid med kommune
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode IKT - kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og er interessert i fagfeltet
- Du er punktlig og påliteleg
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kan arbeida sjølvstendig og i team
- Du kommunisera godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande arbeidsplass
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomstar
- Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og dessutan moglegheit til å delta på kurs
- Gode pensjon-og forsikringsordningar
- Verneombud, TV NSF ,TV fagforbundet og fagsykepleier i avdelingen
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ineke HogenEsch, seksjonsleder, 52732590
Charlotte Rugtveit, Funksjonsleiar - nevrologisk post, 52732520
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4714609319
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321717428
- Sist endret